7. august ankom BÅSUM BORING. Vi ser m.a. oppstilling og kontrollmåling av borelinje. I beste fall kunne pilotholet (160 mm) vere gjennomført på ei veke og opprømming til 315 mm etter to dagar til. Men pga 7 meter med laust fjell, måtte det pumpast inn betong for å stabilisere boreholet. Måndag 27.august klokka 22:45 kom borekrona på 315 mm gjennom og BÅSUM kunne starte utskylling og nedpakking for neste oppdrag!
Fredag 31.august gjorde HOLE MASKINER klar boretomta for rørlegging. STEINSVIK AS sveisa i hop tils. 95 meter PE-rør som lukkast å skyve gjennom det 70 meter lange boreholet. Onsdag 5.september var røret tildekka og anleggsområdet pent tilstelt att.
Fram til november vart det stillstand pga høg vassføring. Men mellombels og permanent inntaksløysing kjem forhåpentleg på plass i slutten av november
Tildekking av 28 meter Ø315 mm rør
Skyvning av 70 meter Ø280 mm rør
70 meter rør kjem gjennom!
Boring 315 mm
Gjennombrudd, ferdig boring
Vatn med 22 kilos trykk blir spylt inn i skovlane på løpehjulet. Opninga på dei 6 dysene blir automatisk justert i forhold til vassnivået oppe i inntaket. Dysene blir opna symmetrisk opp til fastsett maks-effekt på 3.750 KW