Anlegg og drift Historia i kortform


Trykk for å sjå større bilde!

7. august ankom BÅSUM BORING. Vi ser m.a. oppstilling og kontrollmåling av borelinje. I beste fall kunne pilotholet (160 mm) vere gjennomført på ei veke og opprømming til 315 mm etter to dagar til.   Men pga 7 meter med laust fjell, måtte det pumpast inn betong for å stabilisere boreholet. Måndag 27.august klokka 22:45 kom borekrona på 315 mm gjennom og BÅSUM kunne starte utskylling og nedpakking for neste oppdrag!

Fredag 31.august gjorde HOLE MASKINER klar boretomta for rørlegging. STEINSVIK AS sveisa i hop tils. 95 meter PE-rør som lukkast å skyve gjennom det 70 meter lange boreholet. Onsdag 5.september var røret tildekka og anleggsområdet pent tilstelt att.

Fram til november vart det stillstand pga høg vassføring. Men mellombels og permanent inntaksløysing kjem forhåpentleg på plass i slutten av november

Etter nokre års planlegging, gav NVE den 28.juni 2005 konsesjon for bygging av kraftverk. Prosjektet vart deretter vidare organisert og planlagt med stor grad av eigne ressursar. Bystøl AS frå Vik i Sogn vart vald som rådgjevande ingeniør, og K A Aurstad vann anbodet på rørgate og inntak, med Brekkebygg AS som under-entreprenør på betong. Jostein Berge hadde ansvaret som byggekontrollør hos Brunstad Kraft. Rørgate-traseen vart rydda hausten 2008, og den 5.mai 2009, vart første grabb sett i jorda. Eitt år seinare, den 28.april 2010 var produksjonen i gong.

Vatn med 22 kilos trykk blir spylt inn i skovlane på løpehjulet. Opninga på dei 6 dysene blir automatisk justert i forhold til vassnivået oppe i inntaket. Dysene blir opna symmetrisk opp til fastsett maks-effekt på 3.750 KW

Ei endeleg løysing for å unngå sand i turbinen?  SEDICON
Webkamera      
Nøkkeldata:
6-strålers BREKKE Peltonturbin: Slukeevne 0,04 - 2,0 m3/sek
og TES synkron generator med kontroll-og apparatanlegg
levert av ENERGI-TEKNIKK AS


Installert max effekt: 3.730 KW
Minste køyrbare effekt: 70 KW
Netto fallhøgde: 225 meter
Rørgate: Ø 100 cm, lengd 1753 meter, levert av Brødrene Dahl
Slukeevne: 2,0 m3/sek
Nedbørsfelt: 9 km2, normal-vassføring 1,1 m3/sek
Hittill gjennomsnittleg produksjon: 1.450 KW
Årsproduksjon: 11 - 14 GWh