Minstevassføring - vilkår

Oppdatert 2.nov -19

Kurve, historikk 2017-2018 (PDF)

Kurve, historikk 2014-2016 (PDF)

Minstevassføring nedanfor juvet

Videosnutt frå moderat flaum ved inntaket: 28.sept. 2016


Ved tildeling av konsesjon fastset NVE kva for minstevassføring kraftverket skal ha.

For Brunstad Kraft AS sin vassdragskonsesjon gjeld følgjande vilkår for "Vannslipping og driftsbegrensninger":
  • Minstevassføring frå 01. mai til 30. september: 150 liter/sek.
  • Minstevassføring frå 01. oktober til 30. april: 80 liter/sek.


Dersom tilsiget er mindre enn minste-vassføringa, skal heile tilsiget sleppast. Alle vassføringsendringar skal skje med mjuke overgangar.

Kraftverket skal ikkje køyrast når tilsiget er mindre enn minste slukeevne for kraftverket, dvs. at inntaksmagasinet ikkje skal utnyttast til start-/stoppkøyringar.

Brunstad Kraft AS er ikkje omfatta av krav til dokumentasjon av andre vassføringsdata.

Korleis viser minstevassføringa?

Denne er vist i eit display i vinduet ved inngangsdøra til inntakshuset. Inntakshuset ligg ved demninga.

Det er eit krav at ålmenta skal ha tilgong til målingane.